Online booking: www.dyrejournal.app/#/calendar...Helsesjekk og vaksine:
Ein konsultasjon på 20 minutt for vanleg helsekontroll. Denne brukar du om du vil ha ein vanleg helsesjekk, med eller utan vaksine, eller om du treng ein konsultasjon for å utrede sjukdom/behandle problem.
Pris varierer:
Kvalpekontroll/unghund inkl vaksine: 750 kr
Årleg helsesjekk for katt og hund, eks vaksine: 650 kr (vaksine kjem i tillegg, pris varier frå 100-200kr)
Passattest: 250kr
Konsultasjon 20min for utredning av problem: 997kr, eks meds og ekstrautstyr
Utvida konsultasjon, (t.d. urinprøver, øyrebehandling etc som tek lenger tid): 1300kr eks meds og ekstrautstyr
Kastrering hankatt, inkl chip: Kr 1499 (550kr i rabatt om katten er chippa frå før).
For hankatt med begge testiklar i skrotum. Du kan levere katten på morgonen og hente på ettermiddag eller når katten er vaken, og du treng ikkje vere på klinikken under inngrepet. Katten bør komme fastande, altså ikkje ha ete dei siste 8 timar.
Kastrering hokatt, inkl chip: Kr 2687, (550kr i rabatt om katten er chippa frå før)
Krage er inkludert i prisen, body kan kjøpast.
For hokattar over 2kg, eller minst 6 mnd gamle. Katten leverast på morgonen (frå kl 08 på måndag eller 10 på torsdag) og må komme fastande for å minimere risiko for komplikasjon i anestesien. Det er fint å unngå å operere i løpetid, og det bør i allefall opplysast om løpetid og evt. drektighet på førehand.
Du får melding når katten kan hentast, eller kan hente på ettermiddag.
Sårsjekk: Det er inkludert sårsjekk i prisen dersom dyret har blitt operert eller sydd hjå oss. Det kan også vere aktuelt for enkelte sårbehandlingar at dyret kjem innatt for ein sjekk. Den inkluderte sårsjekken inkluderar enkel kontroll av sår og evt. stingfjerning og lett sårreins. Vi anbefalar alle kastrerte hokattar å komme inn for sjårsjekk 10-14d etter operasjon, for hankatt er det stort sett ikkje naudsynt.
Dersom såret krever omfattande behandling, kan det bli naudsynt å sette opp ein konsultasjon.
Tannreins: Vi utfører tannreins på både katt og hund. Dyret får først ein enkel helsesjekk og under inngrepet blir det intubert, får venekateter, og blir monitorert. Det blir gjort tannreins og ei grundig munnundersøking. Dersom det oppdagast tannsjukdom eller skader, vil dyret bli henvist til klinikk med tannrøntgen.
Dyret leverast på morgonen (frå kl 08 på måndag eller 10 på torsdag) og må komme fastande for å minimere risiko for komplikasjon i anestesien. Du får melding når dyret kan hentast, eller kan hente dyret på ettemiddagen.
Pelsklipp katt: Løveklipp ligg på 657 kr, sedasjon kostar 400kr. For ein skikkeleg floke-klipp med sedasjon er prisen 1500kr. Katten bør vere fastande når den kjem. Du kan levere katten på morgonen og hente på ettermiddag om det passar deg best.
Kloklipp: kr 250, sedasjon kjem i tillegg 400kr.
Cytopointinjeksjon: 250 kr, medisin kjem i tillegg. Denne timen gjeld kun hundar som står fast på cytopoint. Har du lyst å allergiutrede hunden din bestiller du ein helsesjekk og skriv dette som merknad.
Vil du bestille tid til andre ting, eller har du eit dyr du vil diskutere med dyrlegen?Ring eller send SMS til nr 955 03 951 alle kvardagar mellom kl 08-16 for å sette opp time
På Stranda Veterinærkontor oppmodar vi alle til å id-merke dyra sine, og som eit ledd i dette kjem vi til å chip-merke alle kattar som kastrerast hjå oss. Derfor tilbyr vi i utgongspunktet ikkje kastrering utan merking. Dyr som er merka, får avslag tilsvarande prisen vi tek for chip-merking som tillegg til anna.