Meny
 
Veterinær Ida Løken
Veterinær Ida Beate Løken er dyrlegen med fast tilhold i Stranda kommune.
Ho tek på seg oppdrag innan alle dyreartar.

Ho deltek i vakta i Stranda og Sykkylven veterinærdistrikt, som betyr at ho i turnus med to andre dyrlegar er tilgjengeleg til alle døgnets tider heile året.


Utdanning: Veterinær frå Noregs Veterinærhøgskule, sisteår med fokus på hest.
Utdanningsår: 2025
Forsking: Har studert brunst hjå storfe, og jobbar med å publisere ei forskerlinjeoppgåve

Erfaring: Har eit halvt års erfaring som kombiveterinær på Eid Veterinærkontor. Her var det eit godt fagleg felleskap og ho fekk mykje erfaring innan produksjonsdyr, men fekk også bruke den godt utstyrte klinikken på smådyr. Hausta mykje gode erfaringar blandt dyktige kollegar. Sidan august 2025 har ho vore fast dyrlege på Stranda og i Sykkylven. Tok kirurgikurs i regi av WVS med mengdetrening på kastrering av tispe og hanhund i mars 26.

Bakgrunn: Agronom frå Mo og Sogn Jord- og Hagebruksskule – produksjonsdyr og landbruk ligg hjartet nært!

Født og oppvokse i Sunnfjord.




 
Når ho ikkje er på jobb, driv ho med diverse pøbelskap saman med sine to Norske Lundehundar og sin heilt eigne bodøværing (fotografen)
Dyrlegedraumen kom som ungjente heime på garden, og som eit resultat av ein botnlaus kjærleik for dyr (ja og ei interesse for det naturfaglege).

Her under kirurgikurs med mengdetrening på kastrering av tispe og hannhund, med ei nyoperert ung gatehundtispe. Denne gatehunden slepper alt stresset med løpetid, kvalpar og sjukdommar og stress relatert til dette i det som blir eit hardt nok liv utan.
Ho har nyleg laga seg eit lite veterinærkontor i Stranda sentrum og håpar å kunne tilby det mest naudsynte av behandling for smådyr i kommunen.